Sider

tirsdag 2. juli 2013

Omvisning i energisentralen

Skrevet av: Astrid Nybø, Summer Intern Faglig Ressurssenter VVS
 
I samanheng med mine arbeidsoppgåver på VVS-avdelinga denne sommaren, ynskja Morten Bjerknes å gi ei omvising på ein energisentral.  Alle summer internsene fekk moglegheita til å bli med på dette, både for å lære om korleis ein energisentral kan sjå ut, og for å lære om energibruken ved Statsbygg sitt hovudkontor. 

 

Energisentralen i 3U
Turen gjekk til 3. underetasje, kor ein av to energisentralar er plassert. Energisentralane er felles for heile bygget, altså inkluderer dei Byporten og andre lokalar der Statsbygg ikkje held til òg. Varmeanlegget for bygget er plassert i energisentralen vi fekk sjå på. All oppvarming skjer ved fjernvarme. Vi blei vist rundt i sentralen, og fekk blant anna sjå på inntaket av fjernvarme, varmegjenvinnarar, varmefordelingssystemet, og befuktarar. Morten fortalte engasjert om energibruken til bygget, noko han meiner var alt for høgt.  Dette skyldast blant anna stor energibruk i butikkane, og at bygget er gamalt i energisamanheng. Bygget har eit enormt kjølebehov, som er like stort om vinteren som om sommaren!


 
Morten Bjerknes fortel om inntaket til fjernvarmen

Tusen takk til Morten Bjerknes for ei interessant og lærerik omvising!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar